HJØRUNGAVÅG SKULE

Hjørungavåg skule

Du er no komen til Hjørungavåg skule sin nettstad.
Tettstaden Hjørungavåg ligg i Hareid kommune, som til saman har om lag 4700 innbyggjarar. Fleire av dei største bedriftene i kommunen ligg her i Hjørungavåg.

Allereie i år 986 sette Håkon Jarl bygda på kartet. I Snorre sine kongesagaer kan du lese om slaget, då leidangshæren til Håkon Jarl slo dei frykta Jomsvikingane - nettopp her. 

Skuleåret 2010/11 er elevtalet 82.

GOD JUL!

Tilsette ved Hjørungavåg skule ynskjer elevar og føresette ei god jul og eit godt nytt år!
 
 

Bokbåten Epos tok turen til Hjørungavåg

Fleire av klassene ved Hjørungavåg skule stod klare ved kaia då bokbåten Epos la til. Sjå tv-klippet frå Tv8 av det populære besøket!

http://tv-8.no/tvs/
 

VELKOMEN TIL NYTT SKULEÅR!

Då er sommarferien straks over, og skulekvardagen skal på ny ta til! Alle elevane møter torsdag 18.august kl 0815!
Då får du ny timeplan, og nokre får også nytt klasserom og ny lærar :-)

Skuleruta er lagt inn i kalenderen.

Vi gler oss!
 
 

Då er innskriving til nytt skuleår over..

Det er 12 kjekke gutar og jenter som har skrive seg inn ved Hjørungavåg skule til komande skuleår 2011-12. Måndag 14.mars skal borna treffast samla for å sjå seg rundt på skulen, bli kjend med klasserom, og møte fadderklassen. Invitasjon er sendt til barnehagane der borna går.
Rektor gler seg!
 

Musikalen Annie

Torsdag 13.01. skal heile Hjørungavåg skule til Sjøborg for å sjå musikalen Annie, presentert av SUFH-elevar.
Det er bestilt busskyss frå skulen kl 0900 - med retur kl 1100.
Vi gler oss!
 

GODT NYTT ÅR!

Rektor ynskjer alle - elevar, føresette og tilsette, eit godt nytt år!
 
 

7.klasse testar rottefellebilar

7.klasse fekk i oppdrag å setje saman ein rottefellebil - og konkurrere om kven sin bil som gjekk lengst. Det er mykje matematikk og fysikk i ein slik enkel og billeg konstruksjon!
 

AKTIVE BORN - tema for aksjonsdagen vår 2010

HJØRUNGAVÅG SKULE BYD INN TIL AKSJONSDAG, TORSDAG 28.10. KL 1700!
 
 

Velkomen til skulestart 19.08.2010

Kjære nye og gamle elevar - velkomen til nytt skuleår! Vi gler oss til å møte deg torsdag 19.08.2010, kl 0815!
 

 

 

 

                                                                                          

Hjørungavåg skule, Rådhusplassen 5, 6060 Hareid. Tlf.70037675. E-post: hjvaag.skule@hareid.kommune.no